Dyranut Fjellstova

Dyranut Fjellstova Heimalaga mat og koselege fjellrom m/ bad på toppen av Hardangervidda. www.dyranut.com

𝐌𝐞 𝐬ø𝐤𝐞𝐫 𝐤𝐨𝐤𝐤𝐚𝐫.Vil du jobba hos oss, eller kjenner du nokon som kan være interessert i å jobba på ein unik plass på Har...
23/04/2026

𝐌𝐞 𝐬ø𝐤𝐞𝐫 𝐤𝐨𝐤𝐤𝐚𝐫.

Vil du jobba hos oss, eller kjenner du nokon som kan være interessert i å jobba på ein unik plass på Hardangervidda?

Me treng kokkar med god kunnskap og stoltheit for faget.

Kva me ser etter.
At du er motivert, service innstilt, positiv og initiativrik.

Kva me kan tilby.
Lønn etter avtale og personalbolig.
Ansettelse snarast.

Om dette er noko for deg, håpar me at du tar kontakt for ein hyggeleg prat.

Kontakt informasjon
T: 53 66 57 16
E: [email protected]

Magiske netter på Dyranut Fjellstova 🌌 Kafeen opner ikkje heilt endå, men me tar imot overnattingsgjester.Ynskjer du rom...
22/03/2026

Magiske netter på Dyranut Fjellstova 🌌

Kafeen opner ikkje heilt endå, men me tar imot overnattingsgjester.
Ynskjer du rom med frokost/middag, send gjerne en forespørsel på epost til
📧 [email protected]
Kanskje er du heldig og får sjå nordlyset du òg? 🫠

Magical nights at Dyranut Fjellstova 🌌

Our cafe remains closed for some time yet, but it is possible to book room for overnight guests.
If you wish to order a room with breakfast/dinner, please contact us via e-mail
📧 [email protected]
Maybe you'll get lucky and see the northern lights as well? 🫠



Forrige helg fekk me våres aller første gjester. Kinsarvik- og Kvinnherad Røde Kors var innom huset, og sammen med Odda,...
14/03/2026

Forrige helg fekk me våres aller første gjester.
Kinsarvik- og Kvinnherad Røde Kors var innom huset, og sammen med Odda, Røldal og Tyssedal Røde Kors og Hjelpekorps samt Politi holdt dei sine søk og redningskurs - vinter på Dyranut.
Me synes at dei er kjempe tøffe heile gjengen, og gratulerer alle deltakarane med vel gjennomført kurs. 👏🏻👏🏻👏🏻💪🏻
Dyranut Fjellstova er glad for å være en del av dette arrangemanget og ynskjer deko velkommen att!

Takk for besøket.

🏠 𝗗𝗮 𝗻æ𝗿𝗺𝗮𝗿 𝘀𝗲𝗴 𝗼𝗽𝗻𝗶𝗻𝗴! 🤗15 Oktober ifjor blei siste dokument signert og nøklane til Dyranut Fjellstova overleverte. Sni...
11/03/2026

🏠 𝗗𝗮 𝗻æ𝗿𝗺𝗮𝗿 𝘀𝗲𝗴 𝗼𝗽𝗻𝗶𝗻𝗴! 🤗

15 Oktober ifjor blei siste dokument signert og nøklane til Dyranut Fjellstova overleverte. Snille Adrian og Ragnhild hjalp oss å bli kjent på Dyranut (Fine folk altså!)
Me er kjempe stolte og takknemlige at familie Telle Hus gav oss sin tillit og lar oss drive Dyranut Fjellstova vidare.
Vintermånedene gjekk stortsett til å bli kjent med plassen og grundig oppussing av kjøkkenet.
Me er ikkje heilt ferdig endå og vil begynna sesongen forsiktig. Når kafeen opnar for fullt kjem me tilbake til med nærmare informasjon på våres nettsider og sosiale mediar.
Me gleder oss til ein ny sesong i 2026 og ynskjer alle velkomne!

Jorgeir og Katarzyna.

23/09/2025

Dyranut fjellstove er seld, og det er familien Plonska Mediå frå Ulvik som har kjøpt fjellstova på Hardangervidda.

23/09/2025

I helga markerte familien Hus salet ved å invitera inn tilsette, venner og familie til ei siste helg på Dyranut. – Det var litt vemodig, seier Emily Hus.

20/09/2025

Denne siste helga for sesongen har me komler på menyen både lørdag og søndag (20-21.9)
Har mykje anna godt på menyen også, til det er tomt.

Etter 8 år sender me stafettpinnen vidare og seier takk for oss ❤️Det har vore nokre fantastisk kjekke år på Dyranut. Me...
17/09/2025

Etter 8 år sender me stafettpinnen vidare og seier takk for oss ❤️

Det har vore nokre fantastisk kjekke år på Dyranut. Me har blitt godt mottekne og føler at me har fått levert mykje bra, både av gjestfrihet og god heimalaga mat. Lært mykje på godt og vondt, møtt og blitt kjent med svært mange trivelege gjester.

Tusen takk til alle som har vore innom til oss som gjester. Til alle som kom tilbake gong etter gong. Utan gjester som har sett seg ved bordet, rundt peisen og fylt stova, hadde det ikkje blitt noko av det me yngste å få til på Dyranut. Og utan alle dykk og alle dei gode tilbakemeldingane, så hadde nok dei tidlege morgonane og alle seine kveldar, kjentes annleis ut. Det hadde ikkje vore så givande. For om det har vore mykje arbeid, har det og vore svært givande og mykje moro. Me vil med gleda tenka tilbake på vakre solnedganger og fine samtaler med flotte gjester.

Tusen takk til alle som har jobba med oss på Dyranut. Takk til dykk som har brukt tida dykkar på Dyranut, år etter år. I oppvask, romvask, servering og kundeservice. Takk for at de skjønte at gjestane skal møtast med varme. Takk for at de har halde ut hjå oss på travle dagar og rolege dagar.

Tusen takk til dykk som har styrt på kjøkkenet. Pavio som hjalp oss i gang i 2018, Magda som gjorde ein flott innsats gjennom åra i midten og Tereza som drog i havn siste sesongen. De har vore heilt gull ❤️

Takk til ufatteleg tålmodige barn/barnebarn som alltid har måtta få eit 'vent litt' til svar. De har venta og venta på tid med mamma, pappa, besto og besten. De har fått ein barndom ulik mange andre sin barndom. De har fått ansvar og de har tatt ansvar. Passa på kvarandre. De har blitt raskere med potetskrellaren enn dei fleste vaksne.
I oppvasken på krakk å stå på.
Fått tatt del i arbeid når de har vore motiverte for det.
Takk Hedvig (11), Helleik (8), Hågen (5), søskenbarn Dexter (10) og Kasper (1) ❤️

Tusen takk til alle som kom med ei hjelpande hand når me trengde det mest, kom på dugnad med sjauing, rydding og herjing. Det trengs jo innimellom og de var der med oss.

Vår ide om å driva fjellstove hadde ikkje vorte verkeleg utan alle dykk som kom og vart ei stund. Enten som gjest eller tilsett. Så når me no låser døra for siste gong, og kan sei; dette gjorde me – og dette fekk me til, så er det og i takksemd for alle me fekk treffa på vegen.

Me har ope til sundag 21. september kl 18:00 og i mars 2026 er det ein annan familie som ynskjer dykk velkomen til Dyranut Fjellstova.

Fine haustdagar og milde temperaturer i fjellet no.Kafé/restaurant er ope kvar dag til kl 18 t.o.m. 21. september.Har og...
16/09/2025

Fine haustdagar og milde temperaturer i fjellet no.
Kafé/restaurant er ope kvar dag til kl 18
t.o.m. 21. september.
Har også nokre ledige rom fram mot helga.
Nytt sjansen, det blir fort vinter.
Hjarteleg velkomen til oss på Dyranut ☀️

Det blir komlesundag igjen hjå oss 14. sept.Me starter dagen med frukostbuffet kl 8-10. Så er det boller, kaker og smørb...
13/09/2025

Det blir komlesundag igjen hjå oss 14. sept.
Me starter dagen med frukostbuffet kl 8-10.
Så er det boller, kaker og smørbrød.
Varme retter kl 12-18.
Velkomen til nestsiste sundagen denne sesongen. Me har ope kvar dag til 21. sept kl 18.

Adresse

Dyranut, Hardangervidda
Eidfjord
5783

Åpningstider

Mandag 10:00 - 21:00
Tirsdag 10:00 - 21:00
Onsdag 10:00 - 21:00
Torsdag 10:00 - 21:00
Fredag 10:00 - 21:00
Lørdag 10:00 - 21:00
Søndag 10:00 - 21:00

Telefon

004753665716

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dyranut Fjellstova legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Dyranut Fjellstova:

Del