Brimi Fjellstugu

Brimi Fjellstugu Brimi Fjellstugu ligger i Brimiland, i Lom kommune.

🐣P Å S K A 2026🐣Vi ynskjer velkommen til påske-kafé Skjærtorsdag og langfredag mellom kl 11-15!Vi byr på varm kakao, nys...
19/03/2026

🐣P Å S K A 2026🐣
Vi ynskjer velkommen til påske-kafé Skjærtorsdag og langfredag mellom kl 11-15!
Vi byr på varm kakao, nysteikte vaflar, gjærbakst og gode karbonadesmørbrød🐥🐥🐥🐥

15/03/2026

No ligg alt til rette for gode skiturar. Nyt dagen ute! 🎿❄️

Fortvil ikkje – vi har framleis nokre ledige rom på utvalde datoar i 2026. ✨Vi har òg fleire ulike pakkar tilgjengelege,...
13/03/2026

Fortvil ikkje – vi har framleis nokre ledige rom på utvalde datoar i 2026. ✨

Vi har òg fleire ulike pakkar tilgjengelege, slik at du kan finne ei oppleving som passar akkurat for deg.

Om du synest det er vanskeleg å finne ein dato som passar, er du varmt velkomen til å ta kontakt.
Send ein e-post til [email protected], så hjelper vi deg gjerne med å finne ei løysing.

Vi gler oss til å høyre frå deg! 🤎





Eit døgn i Brimiland er vår minste pakke, men likevel veldig populær! 💫 Ankomst og innsjekk på Brimi Fjellstugu på etter...
25/02/2026

Eit døgn i Brimiland er vår minste pakke, men likevel veldig populær! 💫

Ankomst og innsjekk på Brimi Fjellstugu på ettermiddagen. Moglegheit for ein liten fjelltur, eller noko godt i glaset ute i solveggen eller inne ved peisen. Vi har også utejacuzzi og badstue.
Avreise til Arne sin restaurant Vianvang kl 18.oo i minibuss.

Denne kvelden er det lang middag saman med Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. Her står smaken i høgsetet, og ingen går frå Vianvang svolten! Dette er ein kveld med mange smakar fra Jotunheimen, tankar rundt matfilosofi og eit kulinarisk møte med «Naturens kjøken».👨🏼‍🍳🍽️

Morgonen etter serverer vi ein lang og god frukost før det er tid for heimreise🤍





Velkomen til fjells – til mat og kvile🌿Hjå oss kan du senke skuldrane og finne roa i ekte fjellstemning. Vi tilbyr ulike...
11/02/2026

Velkomen til fjells – til mat og kvile🌿

Hjå oss kan du senke skuldrane og finne roa i ekte fjellstemning. Vi tilbyr ulike pakkar med forskjellige tema, tilpassa både små og store opplevingar – enten du ønskjer ei helg med fokus på lokal mat, ei aktiv fjelloppleving, eller rolege dagar med kvile og velvære.

Kvar pakke har sitt eige særpreg, slik at du kan finne den opplevinga som passar best for deg og dine🤍

Du finn oversikt over alle pakkane på heimesida vår:
https://brimi-fjellstugu.brimiland.no





Tre vise menn på kjøkenet,hand i hand med råvarer og smak 🍴Ferie no, men snart er dei klare til å trylle fram gode retta...
21/01/2026

Tre vise menn på kjøkenet,
hand i hand med råvarer og smak 🍴

Ferie no, men snart er dei klare til å trylle fram gode rettar til deg på Brimi Fjellstugu ✨🍴






🏔️ Helg med utelunsj i BrimiSkogen! 🍽️✨📍 Brimi Fjellstugu🥂 Ei opplevingsrik helg med smak, natur og aktivitet🔥 Start hel...
13/01/2026

🏔️ Helg med utelunsj i BrimiSkogen! 🍽️✨

📍 Brimi Fjellstugu

🥂 Ei opplevingsrik helg med smak, natur og aktivitet
🔥 Start helga med ein nydeleg 4-rettars middag basert på lokale råvarer
☕ Nyt heimalaga frukost i rolege fjellomgjevnader
🌲 Bli med på eventyr i klatreparken i BrimiSkogen
🍖 Utelunsj rundt bålet – ekte smak av naturen
🍷 Lang middag med Arne Brimi på Vianvang (inkludert i pakken)
🛌 Overnatting i komfortable rom med frisk fjelluft 💫
🧖Badstue og utejacuzzi






https://online.bookvisit.com/package/package-details/2cc5f738-8169-4f2d-99be-b4f0b27cb3a3?channelId=baeec999-5404-41e8-b9cd-9aea0508e8be

✨G O D T F O L K✨Julefreden har no senka seg over Tesse og fjellet. Heile storfamilien samlast snart for julefeiring og ...
22/12/2025

✨G O D T F O L K✨
Julefreden har no senka seg over Tesse og fjellet. Heile storfamilien samlast snart for julefeiring og avkopling❤️
Det er tida for å takke og sjå attende på året som har gått. Eit godt år på mange vis. Gode kollegaer, gode menneskemøter, gode opplevingar og ei lita fjellstugu som betyr mykje for mange! Vi takkar audmjukt for alle besøk🙏🏼
Det er også tida for å lyfte blikket og sjå framover✨Vi gler oss på ferie, men også nye gode dagar med god kok, latter og trivsel i huset✨
Håpar du finn vegen til fjells i 2026, så skal vi gjere alt vi kan for at det blir turen verdt❤️
God jul og alt godt i det nye året✨Fred & fryd

👫S E R V I T Ø R E R 2026👫Er du over 18 år og lyst på sommerjobb i fjellet?Vi trenger flere servitører i restauranten fr...
28/11/2025

👫S E R V I T Ø R E R 2026👫
Er du over 18 år og lyst på sommerjobb i fjellet?
Vi trenger flere servitører i restauranten fra juni - august. Løp og søk! Gjerne gutter og gjerne lokale!😊
Send en mail til [email protected]

❄️Vinterro i fjellheimen❄️
26/11/2025

❄️Vinterro i fjellheimen❄️

Adresse

Tessvn 420, 2680 Vågå
Lom
2683

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brimi Fjellstugu legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Brimi Fjellstugu:

Del